Turar 2020

Som alle kan skjønne så har Korona forsinka planlegginga vår. Men no har vi vakna opp igjen av tvala og er i gang! Les meir om turane på undersidene til høgre.

Trimturar

Søndag, 9. august Sandalsfossen (ansv. Rune Fure). Oppmøte på parkeringsplassen ved skulehuset. kl. 11.00. Pål Sandal blir med som kjentmann.

Laurdag, 29. august: «Presteråsa». Gå i lag med Tore-prest frå Råd til nyrydda rås til Råda/Seimestøylen og ned til gardane på Seime. (ansv. Sabine Exner). Oppmøte kl. 11. på parkeringa ved Fjordhestgarden.

Haustens topptur

Søndag, 30. august:  Trollebotn (ansv. Astrid Volle). Oppmøte på Best på Byrkjelo, kl. 10.00. Kjell Gåsemyr blir med som kjentmann

Reinløpet

Søndag, 27. september