25.08. Ryssdalshornet og Restøylen

Haustturen i år går til Ryssdalshornet og Restøylen. Vi startar på parkeringsplassen i Ryssdal og følgjer den vanlege ruta opp til Ryssdalsstøylen og Ryssdalshornet. Etter å ha nytt utsikta frå varden forlet vi toppen og følgjer merkinga søraustover. Etter å ha følgt ryggen nedover, svingar vi ned til Restøylen. Her får vi kaffi og saft i tillegg til kort informasjon om støylen.

Vi går samla, men ned frå Restøylen til parkering ved Lyngneset kan vi gå i vår eigen tempo. Dersom de treng skyss tilbake til Ryssdal, må de melde behov på forhand.

Oppmøte enten:

  • På Coopen på Reed kl. 9.00
  • På parkeringsplassen i Ryssdal kl. 9.30

Turen er temmeleg krevjande og tar ca. 5-6 timar utan pauser. Ein burde vere temmeleg fjellvand. Ta med mat og rikeleg drikke, det er lite vatn i elevane før ein kjem ned til Restøylen.

Det kostar 50 kr deltakaravgift. Dersom du treng skyss tilbake blir det 50 kr til.

Les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/1110378