11.08. Støyl-til-støylstur

Denne turen var vi heldige med. Det blei dagen før vêret snudde og det blei ein kaldare og våtare vårtype.

Vi var 10 stk som gjekk heile turen eller delar av turen frå Utvikfjellet til Hunskårstøylen og ned til Dale. Med 20 varmegrader og mykje å snakke om på støylane brukte vi god/lang tid på turen. Takk til Greta som informerte kyndig og budeia Kjell som serverte oss tørt og vått på Rusta. Takk for turen.

Øvreststøylen

Sårheimstøylen

Rusta

Kålstøylen

Dalsstøylen

Hunskårstøylen

Etter eit års pause skal vi på nytt legge ut på støyl-til-støylsturen vår. Alle burde har vore med på denne klassiske turen minst eingong i livet og allerhelst kvart år. I år tenkjer vi turen som søndagsturen.

Kva tid: søndag, 11. august, kl. 10.00

Oppmøte: parkeringsplassen på Utvikfjellet

Ansvarleg for turen: trimgruppa ved Sabine Exner (tlf. 48 05 30 40)

Vi går frå Utvikfjellet og er innom alle 16 støylane fram til Hunskårstøylen.

Turen tek med stopp ved kvar støyl ca. 5 timar. Nistepause på Rusta etter ca. 2 timar. Kaffi og saft blir servert. Vi er framme på Hunskårstøylen ca. kl. 15.00.

Det er bra og lett terreng, men litt ulend og langt å gå og vi kjem seint heim. Difor burde ein vere i ganske bra form.

Etter ynskje kan ein korte inn turen og gå ein av stiane tidlegare ned til bygda. (eller starte turen på t.d. Kvilestøylen?) Turen er omtala i «Dagens tur» av Jan Nic. Hansen.

Deltakaravgift er kr. 50. I tillegg treng vi påmelding frå dei som treng skyss heim frå Høygarden eller dei som vil sitje på frå Coopen på Reed. Det kostar kr. 50 (samla blir det 100 kr) som går uavkorta til BBIL.

Les gjerne på denne flotte bloggen om turen eit tidlegare år: 16 støylar på rekke og rad

Turen blir avlyst om det er regn. Føl med nettet!

Sabine