Vektløfting

 

Velkomen til Vektløftargruppa

 

  • Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018

    Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2018. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Jannike Felde som vart tildelt Årets eldsjel 2017.

    Les meir

  • Sølv til Robert Andre i Nordisk 🙂

    Etter ein del dramatikk med underkjende løft, vart det til slutt sølv på Robert Andre Moldestad i klasse 69 kg, i tett kamp med den finske vinnaren.
    Vi gratulerer Robert Andre og støtteapparatet Sølvi og Reidar!

    Det vart til slutt 89 kg i rykk og pers 112 kg i støt. Han fekk første forsøket på 112 kg underkjent, sjølv om det her frå softakroken og livestreaminga såg lett og fint ut. Og det avgjorde gullkampen.

     

    Les meir

  • Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

    Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 12.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

    Les meir

  • Treningstider 2017-2018

    Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

    Les meir

  • Flott innsats under NM 5-kamp!

    Breimsbygda IL vart, med eitt gull og to sølv, nummer to lagmessig under NM 5-kamp vektløfting i Larvik i går. På biletet ser vi Breimsbygda IL sine deltakarar med medaljevinnarane fremst: Frå v. Mathias Dale (sølv), Vilde Sårheim (gull), Robert Andre Moldestad (sølv). Bak frå venstre: Leiv Arne Støyva Sårheim og Bjarne Bergheim.

    Les meir

  • Hetlestøylen opp

    Orienteringsgruppa og friidrettsgruppa inviterer til Hetlestøylen opp, komande onsdag klokka 18.00. Vi oppfordrar alle om å legge treninga si til løpet:)! Dette er super basistrening for alle mann alle!

    Onsdag 14.juni blir det motbakkeløp på Breim (start på Reed) To løyper, ei med start i ballbingen i Hovden (5.klasse og eldre), og ei med start på Brua oppover mot Hjelltunet (merka)....start klokka 18.00 begge plassar. Mål er, pussig nok, på Hetlestøylen - og der er det alltid god stemning. Påmelding til kleppenesa@gmail.com, 50kr pr deltakar, evt 200kr for familie. Dette er eit kjempekjekt og sosialt motbakkeløp, der både liten og stor kan få ei utfordring!

    Les meir

  • Innspurt dugnad 123

    Utvidinga av 123:
    Dugnadsinnspurt onsdag 7. og torsdag 8. juni!

    I gårkveld (tysdag) kom lys i taket og sand på golvet og høgder vart avretta (bileta),
    Då trengs ein dugnadsinnspurt i dag og i morgon:
    I dag onsdag for å få på plass isopor og kryssfinerplater på golvet.
    Torsdag for å få på plass toppdekket det skal trenast på.

    Velkomne frå 17.00 og utover kvelden når de har høve!

    Det er aktivitet på stadion begge kveldar som bind nokre av dei som har vore med på dugnaden til no. Difor viktig at fleire andre blir med på innspurten desse to siste dagane.

    Fredag skal så vektløftargruppa få utstyr på plass.
    Laurdag kl. 12.00 startar Regionmeisterskap i vektløfting 5-kamp der Breimsbygda er arrangør.

    Vi vonar mange stikk innom laurdag. Både for å sjå utvidinga i funksjon. Og Sindre Rørstadbotnen og andre løfte opptil 180 kg over hovudet. Og heie på Breimsbygda sine håpefulle 🙂
    Velkomne både til dugnad og stemne!

    Les meir

  • Ekstraordinært årsmøte i BBIL

    Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.

     

    Sakliste:

    1.Konstituering

    2. Val

    Vel møtt!

    Les meir

  • Innkalling og sakliste til årsmøte i Breimsbygda idrettslag

    Velkomen til årsmøte i Breimsbygda idrettslag søndag 5.mars kl.20.00.

     

     

     

    Sakliste til årsmøtet i BBIL på Breim skule 5. mars 2017 kl. 2000.

    1. Konstituering.
      1. Godkjenning av innkalling.
      2. Godkjenning av sakliste.
      3. Val av møteleiar.
      4. Val av sekretær.
      5. Val av to til å skrive under møteboka.
    2. Årsmelding for 2016.
    3. Rekneskap for 2016.
    4. Medlemskontingent for 2017.
    5. Budsjett for 2017.
    6. Val.
    7. Godkjenning av valde gruppestyrer.

    Møtet finn stad i klasserommet ved skulekjøkken i kjellaren, inngang ved gymsal.

    Les meir

  • Robert Andre Moldestad sølv i Nordisk vektløfting!

    Breimsbygda IL gratulerer Robert Andre Moldestad med Nordisk sølv i vektløfting, klasse 62 kg (56-62 kg kroppsvekt).
    Han fekk 81 kg i rykk og 103 kg i støt under Nordisk meisterskap for ungdom på Island i dag.


    Det var 5 deltakarar i klassa. Robert Andre har eitt år att som ungdomsløftar (t.o.m 17år) medan den svenske vinnaren var eitt år eldre og går over i juniorklassa neste år.
    Resultata til Robert Andre var likt med eller betre enn personlege rekordar. Så i tillegg til plasseringa viste han seg som ein svært god konkurransemann i sitt første internasjonale meisterskap.

    Les meir

  • Gull, sølv og bronse i NM Vektløfting Jr.

    I helga var det NM i vektløfting for juniorar i Gjøvik. Sogn og Fjordane stilte sterkt og frå Breimsbygda idrettslag var det heile 7 deltakarar og dei kom heim med edelt metall i bagasjen.


    Dei 11 juniorane frå Sogn og Fjordane oppnådde fylgjande plasseringar:

    2 gull:
    Robert Andre Moldestad frå Breimsbygda IL i klasse 62 kg og Hans Sande frå IL Brodd i klasse 94 kg.

    2 sølv:
    Marcus Røed Frøyset frå IL Brodd i klasse 69 kg og Ole-Kristoffer Sørland frå Breimsbygda IL i klasse 105 kg.

    2 bronse:
    Bjarne Bergheim i klasse 85 kg og Leiv Arne Støyva Sårheim i klasse +105 kg, begge desse frå Breimsbygda IL

    3 stk på den såkalla "sure" 4-plassen, men etter flott innsats:
    Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda i klasse 58 kg, Vilde Sårheim i klasse 69 kg, også frå Breimsbygda, og Vemund Holstad frå Tambarskjelvar IL i klasse 77 kg

    1 stk 5-plass:
    Maithe Eilander frå Breimsbygda i klasse 58 kg

    1 stk 6-plass:
    Håkon Hjelle Roset frå IL Brodd i klasse 77 kg.

    Ei rad personlege rekordar både på medaljevinnarane og dei som enda utanom pallen!

    Sogn og Fjordane stilte med ein svært ung tropp i år: Heile 7 av dei 11 er ungdomsløftarar med minst 3 år att i juniorklassa. Det lovar godt også for framtidige junior-NM!

    Les meir

  • Eldsjelprisen 2015

    Ola Bergheim vart under årsmøte til Breimsbygda idrettslag tildelt Eldsjelprisen 2015. Ola har vore leiar i vektløftargruppa gjennom fleire generasjonar og dei siste åra har vektløfting og styrketrening hatt ein skikkeleg opptur i Breimsbygda. Ein velfortent pris!

    Arbeidsutvalet i Breimsbygda idrettslag kan årleg tildele Årets eldsjelpris etter vurdering av innkomne kandidatar. Dette er grunngjevinga for tildelinga av Eldsjelprisen 2015:

    Årets eldsjel har vore leiar i vektløftargruppa gjennom fleire generasjonar. Han starta opp med
    vektløfting i gamle Bergheim Skule. Seinare var det tillaga vektrom i lageret i Stadionbygget. lkkje
    optimale forhold, men denne gav likevel vektløfting og styrketrening ein oppsving, og det vart fleire
    aktive. Dei siste åra har vektløfting og styrketrening hatt ein skikkeleg opptur i Breimsbygda.
    Vi har fått 1·2·3 treningsstudioet, med ei eiga avdeling for frivekter, som naturleg nok fekk namnet
    OLAROMMET. Der er det godt lagt til rette for trening med frivekter, og diverse anna utstyr.
    Med desse fasilitetane har han fått ein framifrå stad for å kunne holde på med det han er aller best
    til: å tilrettelegge trening og instruksjon for alle som ønskjer å prøve ut vektløfting, styrke/spenst
    og basistrening.

    Han har ein enorm kunnskap om trening generelt og styrketrening spesielt! Denne kunnskapen
    ausar han av til alle som ynskjer det , uansett om dei er unge, eldre, frå andre lag eller idrettar.
    Styrke/basistrening er noko alle treng enten ein er aktiv utøvar eller berre mosjonist, er mottoet
    til årets eldsjel.

    Dei siste åra har han fått fram mange unge løftarar, som hevdar seg godt på nasjonalt nivå, særleg i
    Ungdoms- og juniorklassene. Han har trena fram løftarar frå Breimsbygda som har teke både gull,
    sølv og bronse i Jr.NM og Ungdomsmeisterskapet. Ein utøvar har også hevda seg i senior- NM, sjølv
    om han er ungdomsløftar. Det er utruleg kjekt at også ein del jenter har funne sin idrett i vektløftinga.
    Vi kan nemne at BBIL har 6-7 utøvarar som er kvalifiserte til Jr-NM i 2016.

    Den 25.04.2015 arrangerte BBIL og BRODD Jr.NM i vektløfting i Trivselshallen på Sandane. Her sto
    sjølvsagt han i bresjen for dette arrangementet, som fekk mykje skryt frå utsendingar frå
    Vektløftarforbundet. Stemnet blei ”livestreama”, ei flott marknadsføring av Trivselshallen, og
    Gloppen og Idrettslaget.

    Andre, mindre stemner arrangerer han nærast heile tida, i 123 lokala. Her med god hjelp frå unge
    dommarar frå miljøet. Ola har arrangert fleire dommarkurs, slik at laget er sjølvhjelpte med
    kvalifiserte dommarar. Han har sett verdien av å gje dei unge både tillit og ansvar slik at dei sjølve
    kan vidareføre idretten. Gruppa har og arrangert løfteskular, krinsårsmøte og tre krinssamlingar siste året.

    Utøvarar frå BBIL har delteke på mange stemner rundt om i landet, helle tida med han som reiseleiar,
    trenar, reservepappa, fotograf, osv. Også som trenar i friidrettsgruppa og GFIL stillar han på ved behov.
    Ola er eit stødig innslag som funksjonær i kastøvingane på Byrkjelo Stadion og har i dag leiarvervet i Vektløftarkrinsen.

    Etter han pensjonerte seg, har han stort sett hatt tilhald på 123, (takk for det Grete! ) eller er i ferd
    med å redigere bilde eller opptak frå eit eller anna løftestemne eller trening, som bli lagt ut på nettet,
    med analyser og kommentarar til.
    Han er svært oppteken av internasjonal forsking på trening, idrett og folkehelse. Dette slik at våre
    utøvarar alltid får innføring i det siste på treningsfronten.
    Vi kan vel seie det slik at vi er blant dei få, som har trenar og leiar «på heiltid» GRATIS.
    SJELDAN HØVER VEL UTTRYKKET «El EKTE ELDSJEL, SOM BRENN FOR IDRETTEN»,
    BETRE ENN PÅ
    OLA BERGHEIM.”

    Les meir