Volleyball

Lagbilde frå 2014 sesongen

Lagbilde frå 2014 sesongen

Velkomen til Volleyballgruppa

  • Eldsjelpris og Stimulansepris 2017

    Breimsbygda idrettslag ber om forslag til Årets eldsjel og Stimulanseprisen 2017. Frist for innsending av forslag er 10.november. Les meir om kriteria til Årets eldsjel og Stimulanseprisen. På bildet ser du Robert Andre Moldestad som fikk Stimulanseprisen 2015.

    Les meir

  • Treningstider 2017-2018

    Haustferien er over og det betyr at idrettslaget set i gang alle aktiviteter for vinterhalvåret. Vi har laga ei oversikt som du finn her, eller få oppdatert oversikt i vår nettbaserte kalender. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein aktiv haust og vinter!

    Les meir

  • Hetlestøylen opp

    Orienteringsgruppa og friidrettsgruppa inviterer til Hetlestøylen opp, komande onsdag klokka 18.00. Vi oppfordrar alle om å legge treninga si til løpet:)! Dette er super basistrening for alle mann alle!

    Onsdag 14.juni blir det motbakkeløp på Breim (start på Reed) To løyper, ei med start i ballbingen i Hovden (5.klasse og eldre), og ei med start på Brua oppover mot Hjelltunet (merka)....start klokka 18.00 begge plassar. Mål er, pussig nok, på Hetlestøylen - og der er det alltid god stemning. Påmelding til kleppenesa@gmail.com, 50kr pr deltakar, evt 200kr for familie. Dette er eit kjempekjekt og sosialt motbakkeløp, der både liten og stor kan få ei utfordring!

    Les meir

  • Volleymoro - kvar mandag i sommar!

    Vi samlast og spelar sandvolleyball mandagar frå 19-21. Dette er ei sosial ´trening´ kor vi berre spelar og har det moro. Ope for alle, menn, kvinner, gutar og jenter. Nedre aldersgrense ca 14 år (+/-). Dette er berre for moro, møt opp!

    Les meir

  • Ekstraordinært årsmøte i BBIL

    Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.

     

    Sakliste:

    1.Konstituering

    2. Val

    Vel møtt!

    Les meir

  • Innkalling og sakliste til årsmøte i Breimsbygda idrettslag

    Velkomen til årsmøte i Breimsbygda idrettslag søndag 5.mars kl.20.00.

     

     

     

    Sakliste til årsmøtet i BBIL på Breim skule 5. mars 2017 kl. 2000.

    1. Konstituering.
      1. Godkjenning av innkalling.
      2. Godkjenning av sakliste.
      3. Val av møteleiar.
      4. Val av sekretær.
      5. Val av to til å skrive under møteboka.
    2. Årsmelding for 2016.
    3. Rekneskap for 2016.
    4. Medlemskontingent for 2017.
    5. Budsjett for 2017.
    6. Val.
    7. Godkjenning av valde gruppestyrer.

    Møtet finn stad i klasserommet ved skulekjøkken i kjellaren, inngang ved gymsal.

    Les meir

  • Norsk Countrytreff

    Help! Det er Norsk Countrytreff til helga og på grunn av mykje avbod manglar det ein del folk til diverse arbeidsoppgåver gjennom helga. NCT er den største inntektskilda til BBIL og vi håpar laget sine medlemmer stiller på! Dersom du ikkje har fått jobb og har moglegheit til å stille på ta kontakt med NCT på tlf 47 57 86 63 44 eller epost nct@breim.no.

    Les meir

  • U19 NM Volleyball

    Helga 4.-6.mars gjekk U19 NM Volleyball av stabelen i Trivselshagen med Breimsbygda IL, Fjellhug/Vereide IL og Jølster IL som arrangørar. I løpet av tre dagar vart det spelt heile 89 kampar. Arrangement gjekk knirkefritt og har fått stor merksemd både lokalt og i volleyballmiljøet nasjonalt.

    På nettsida finn du informasjon og resultat: http://www.u19nm.no/

    Les kva Firda Tidend skreiv om arrangementet her.

    Last ned artikkel frå Firda: Firda_-_07-03-2016_print

    Les kva Norges Volleyballforbund skreiv undervegs i arrangementet her.

     

    Les meir

  • Årsmøte Breimsbygda IL

    Søndag 28. februar blir det årsmøte i BBIL hos Bakar Jon. Vi håpar lagets medlemmer set av denne kvelden og møter då det er mange viktige saker som skal takast stilling til! Sjå sakliste ved å lese vidare...

     

     

    Årsmøte i Breimsbygda il

    søndag 28. februar 2016 kl 20.00 hjå Bakar Jon

    Sakliste:

    1. Konstituering.
    2. a) Godkjenning av innkalling
    3. b) Godkjenning av sakliste.
    4. c) Val av møteleiar.
    5. d) Val av sekretær.
    6. e) Val av to til å skrive under møteboka.
    7. Årsmelding for 2015.
    8. Rekneskap for 2015.
    9. Medlemskontingent for 2016.
    10. Budsjett for 2016.
    11. Sportsplan 2016 – 2020 Du finn planen her
    12. Lovendringar Lovnorma finn du her
    13. Val.
    14. Godkjenning av valde gruppestyrer.
    15. Innkomne saker.

    I samband med matøkta vert BBIL sin Stimulansepris

    og Eldsjelpris for 2015 delt ut.

    Vel møtt!

    BBIL v/styret.

    Les meir

  • Årsmelding 2015

    Her kan du lese årsmeldinga for BBIL for 2015.

     

    Husk årsmøte 28. februar hos Bakar Jon!

     

    Les meir

  • JR NM i Volleyball

    4-6. mars skal BBIL, Jølster IL og Fjellhug/Vereide arrangere NM i Volleyball for U19 i Trivselshallen på Sandane. Totalt kjem 32 lag, ca 400 av dei beste juniorspelarane i landet, til Sandane og Trivselshallen. I tillegg kjem støtteapparat og publikum.

    Formålet med arrangementet er å fremje interessa for volleyball i Jølster og Gloppen, samt drive marknadsføring for distriktet generelt og Trivselshallen som idrettsarena spesielt. Eit så stort arrangement vil kreve mange frivillege og vi håpar Breimningane stiller på samane med Jølstringar og Sandensarar.

    Nyleg var Volleyballforbundet og kretsen på synfaring og møte med representantar frå idrettslaga.

    Tilbakemeldingane var svært positive! Du kan lese reportasje frå Firda her

    Føler du kallet og vil gjere ein innsats før, under eller etter meisterskapen??

    Ta kontakt med Vegar på 93 00 93 83 eller epost: vegar@breim.no

    Sjå meisterskapen si eiga nettside her

    arr_logos3

    Les meir

  • Årets serie

    Skjermbilde 2015-12-10 kl. 21.13.01Herrar 2. divisjon består denne sesongen av laga Hornindal, Studentspretten, Bjørn, Førde, Volda, Sunnfjord i tillegg til BBIL. Du finn oversikt over tabell og serieoppsett her

    Les meir