Vaktlister Idrettsklubben
Haust 2025

For 2025/2026 sesongen vil det delta elevar frå Idrettslinja på Firda Vgs som aktivitørar!
NB! Scroll heilt ned på sida for informasjon og reglar på IDK
Om IDK
Idrettsklubben er eit fritidstilbod for 4.-10.klasse kvar fredag mellom haustferien og påskeferien. IDK held til i stadionbygget og i gymsalen ved skulen. Her kan borna kome og leike, trene, spele spel og prate saman. Ein kan også handle i kiosken (kontantar, kort eller Vipps).
Tilbodet for 4.-6.klasse er frå kl 18-20, medan det for 7.-10.klasse er frå kl 20-22. I tillegg har ungdomsrådet i Gloppen ønska at ungdomsklubbane i Hyen, Breim og på Sandane skal invitere kvarandre kvar sin kveld. Ein kjem attende til kva kveldar dette blir. Kommunen stiller med skyss til ungdommane, og vi skal berre stille med vakter når det er vi som arrangerer kvelden.
Når det gjeld vaktlista er det bornet sitt namn som er sett opp, så vel ein sjølv kven som vil stille på vakt. For å behalde IDK og gjere det til ein trygg plass å vere, er det viktig at ein møter på den vakta ein er sett opp. Dersom du ikkje kan møte, så prøv og byt kveld med nokon andre. Om bornet ditt ikkje nyttar IDK, har vi sjølvsagt forståing for at ein vil seie frå seg vakta si. Alle får ei påminning på SMS eit par dagar før. Dersom noko hindrar deg i å møte, ta kontakt med Ingrid (tlf 48040828).
GENERELLE REGLAR FOR IDK
- Vi oppfordrar til å la mobilen ligge att heime eller i lomma. Bruk tida til å hygge deg saman med venene dine.
- Det er ikkje lov med mat/drikke i gymsalen eller gangen utanfor.
- Det er ikkje tillate med røyk/snus/alkohol under IDK
SÆRSKILTE REGLAR FOR DEN YNGSTE GRUPPA (4-6.klasse)
- Vi ynskjer at alle møter til kl.18.00 for felles samling og informasjon oppe i stadionbygget
- Ein skal vere på området ved stadionbygget/skulen, det er ikkje lov å gå i sentrum (foreldre vert kontakta om dette vert gjort).
- Det er ikkje lov med medbrakt godteri/brus etc.
Vaktene kan ta kontakt med heimen om det oppstår uønska hendingar. Snakk gjerne om reglane heime.
Ein skal ikkje plage andre, ein skal vere grei og snill, og for øvrig kan ein gjere kva ein vil!
VAKSENROLLA PÅ IDK
- Ein samlar seg ved start av vakt og går gjennom reglar og fordeler seg på området (i stadionbygget, i gymsalen, på kjøkkenet og på uteområdet).
- Dei vaksne rullerer og ser til at barna/ungdomen-er i god aktivitet/leik/samspel, ev hjelper dei i gong-held eit særskilt auge til om nokon er utanfor-rullerer på utstyr slik at alle får prøve (t.d. x-boxen).
- -er i god aktivitet/leik/samspel, ev hjelper dei i gong
- -held eit særskilt auge til om nokon er utanfor
- -rullerer på utstyr slik at alle får prøve (t.d. x-boxen).
- Sjekk at dører som skal vere låst på skulebygget er det (t.d. dører opp og inn til garderobar/basseng).
- Hjelpe til og sjå til at alle ryddar opp etter seg.
- Få alt på plass i gymsal før IDK stenger (sjå plakat om kvar utstyret skal vere)
- Vere gode førebilete