Alle skal være med!
Inkluderingsfondet i Breimsbygda idrettslag har som formål å gje barn og unge i Breim høve til å kunne delta på aktivitetar saman med laget sitt, som ein ellers ikkje ville hatt grunna private økonomiske forhold.
Fondet kan og nyttast til støtte til innkjøp av treningsklede eller utstyr, samt dekking av treningsavgift eller medlemskontigent.
Inkluderingsfondet skal:
- Hjelpe til inkludering i felleskapet
- Hjelpe barn og unge å delta i fellesopplevingar som skaper gode barndomsminne
- Hjelpe til inkludering i felleskapet.
- Hjelpe barn og unge til å være med venner på viktige felles opplevingar.
- Bidra til god psykisk helse
- Bidra til god fysisk helse
Nokre unger må være heime medan resten av laget reiser på turnering om sommaren. Medan dei aller fleste gledar seg og planlegg reisa, så er det kanskje nokre som kun må høyre om planlegginga.Det kan være tungt gå på trening i slike periodar. Laget kjem heim med gode minner, kjekke historier, og dei har blitt ein samansveisa gjeng.
Inkluderingsfondet er til for at òg desse barna og ungdommane skal få høve til å være med, og du kan søke støtte på vegne av deg sjølv, dine barn eller andre sine barn.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål på eigne eller andre sine vegner?
All kontakt og informasjon blir behandla konfidensielt og med full diskresjon.
Inkluderingsfondet i Breimsbygda il har eige styre:
Kristin Sandal - mob:95285015 - e-post: [email protected]
Silje Aardal - mob: 41566219 - e-post: [email protected]
Synest du det er vanskeleg å ta kontakt med oss i Inkluderingsfondet? Alle trenarar og kontaktpersonar i idrettslaget kjenner til ordninga vår. Dette betyr at du kan prate med den personen du kjenner best, og ei henvendig om støtte frå inkluderingsfondet kan være så enkelt som ein kort og uforpliktande prat med ein av dei.