Skøyteisen tek form ved Stadionbygget – vi treng litt hjelp!
Forfatter: BBIL
06. januar 2026
Vi er godt i gang med å lage skøyteis på volleyballbana utanfor Stadionbygget. Det tek litt tid å få isen heilt perfekt, så det er framleis noko arbeid igjen – men bana kan allereie brukast.For å få best mogleg is treng vi fleire som kan bidra med vatning på dagtid. Har du høve til å hjelpe litt, set vi stor pris på det – ta gjerne kontakt med sjefsisleggar Jørgen Veien
All dugnadsinnsats tel!
Idrettslaget har òg skøyter til utlån, slik at flest mogleg kan få glede av tilbodet.Samtidig vil vi minne om at vi manglar ein del skøyter som er på utlån. Har du skøyter heime som tilhøyrer idrettslaget, set vi stor pris på å få dei att slik at fleire kan bruke dei.Tusen takk for hjelpa – saman skapar vi gode vinteropplevingar for store og små i Breim