Styre og AU
VI TRENG DINE BLINKSKOT I 2026
Forfatter: BG
20. mai 2026
Forside
Nei, vi er ikkje byrja på årsmeldinga for 2026 enno, anna enn på tankestadiet. Og, det er jo oftast der ein må starte om resultatet skal bli bra.
I år ynskjer vi enno fleire gode bilete å velje mellom når vi skal "sette" framsida på årsmeldinga. Vi arrangerer difor ein fotokonkurranse for beste bilde frå aktivitetane i BBIL i 2026. Vi ynskjer bilete frå aktivitetar i både sommerhalvår og vinterhalvår og trekkjer difor ein vinnar for kvar kategori.
Vinnaren får eit gåvekort hos vår lokale samarbeidspartnar YX på valfri stor pizza og brus. Vi kjem tilbake til frist for levering av bildene, men oppmodar alle om å ta bilete under aktivitetar framover.