Plan for orientering
Forfatter: Eva Marie Felde
04. mai 2023
Orienteringsgruppa har starta sesongen og har planlagt mange kjekke aktivitetar framover. Bli med!
Det vert laga løyper som passar alle, og nye O-løparar vil få opplæring. Orientering er ein kjekk aktivitet som passar heile familien. Alle er velkomne, både store og små.
Treningane er fredag frå klokka 18:00, og våren 2023 ser planen slik ut:
Fredag 5. mai: Området rundt Breim skule
Fredag 12.mai: Byggefeltet på Byrkjelo, oppmøte parkeringsplassen ovanfor omsorgsbustadane på Byrkjelo
Fredag 26.mai: Byrkjelo, oppmøte ved omsorgsbustadane
Fredag 2. juni: Truleg Hetlestøylen opp
Fredag 9. juni: Utvikfjellet. Oppmøteplass kjem på Facebook.
Laurdag 17. juni: Rotekoppen – O-løp, oppmøteplass på Facebook.