[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

HERRELAGET TRAPPAR OPP SATSINGA I 2026

Forfatter: BG

20. desember 2025

Forside
News article image

HERRELAGET TRAPPAR OPP SATSINGA I 2026

Breimsbygda IL stilte med herrelag for fyrste gang på lenge førre sesong. Dette sjølv om ein lenge var litt usikker på om ein klarte å gjennomføre sesongen når hausten starta og enkelte reiste vekk på skule og jobb. Fleire unge spelarar stilte opp og fekk sine fyrste minutt med seniorfotball. Konklusjonen til styret i fotballgruppa er at vi måtte halde seniorlaget i gang også komande sesong, og auke treningsinnsatsen litt. Sjølv i 6. divisjon må det nemleg trenast jamleg. Samstundes som det er viktig å finne ein balanse, slik at det ikkje blir for krevjande for folk å vere med. Vi er avhengig av at flest mogleg er med lengst mogleg.

Styret er difor glade for at Odd Kronheim har sagt ja til å ta på seg trenaransvaret. Dei som kjenner han, veit at til liks med Bodø Glimt, så får då laget ein engasjert bergensar til sjef. Det er ei velkjent oppskrift på suksess. Styret har og, i samråd med gutane og foreldra, bestemt at ein melder på eit 9- ar lag i klasse G 15-17, som då sjølvsagt skal trene saman med herrelaget. Då skulle det ligge til rette for bra med speletid for dei unge, slik at ein kan halde rekrutteringa og interessa oppe.

Frå sikre kjelder har vi og fått tilbakemelding om at det er spelarar som vurderer å melde overgang til Breimsbygda IL. Men, dette får vi komme attende til når ev. overgangar er stadfesta.

Nettredaktøren har hatt ei kort samtale med Odd som fortel at det viktigaste no er å få ein struktur og ei plan rundt laget. Vidare at ein klarer å skape eit miljø og eit engasjement som gjer at spelarane har lyst til å vere med. Kanskje kan ein også klare å «børste støv» av nokon som har vore med tidlegare og enno har det i seg? Det må nok og trenast jamt og trutt, og kanskje litt meir enn det som var tilfelle i fjor, uttaler den engasjerte trenaren. Får vi til dette vil ein kunne vekke liv i den latente fotballinteressa vi veit er i bygda. Då vil det fort kunne bli bra med tilskodarar og god stemning på Byrkjelo Stadion når sesongen vert blåst i gang.