HJARTETRIM
Forfatter: Bjarte Gangeskar
18. oktober 2025

TA VARE PÅ HJARTET DITT
Komande søndag frå kl. 18 til 19 vert det «hjartetrening» for godt vaksne kvinner og menn som vil ta vare på hjartet sitt. Det er meininga at ein skal «få litt puls», men kvar og ein bestemmer intensitet sjølv. Dette er ikkje ei vanleg spinningøkt med «hopp og sprett og brå taktskifte». Dei som heller vil ha det, må vente til dei meir moderne spinningøktene med dei ungdommelege instruktørane vert lagt ut. På "hjartetrimmen" brukar vi 10-15 min roleg oppvarming, deretter 4 intervall med tre minutt pause (med roleg sykling) mellom kvar intervall og til slutt 10-15 minutt med roleg nedsykling og litt uttøying. Verre er det ikkje… Påmelding her: https://www.treningstid.no/alle-treningar/