[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

FRIIDRETTEN OG FRIVILLIGE

Forfatter: BG

06. desember 2025

Forside
News article image

FRIIDRETTEN OG FRIVILLIGE


Friidretten har alltid stått sterkt i Breimsbygda IL. Det ynskjer vi framleis at den skal gjere. Det viktigaste arbeidet er då å skape god aktivitet for dei yngste årsgruppene. For å klare dette treng vi at fleire vaksne engasjerer seg, tek på seg styreverv og blir med og organiserer aktivitet og treningar.

Mange kvir seg truleg for dette og tenkjer at dei manglar kunnskap og kompetanse om friidrett. For oss er det viktig å formidle at dette ikkje er viktig. Det viktigaste er at du er engasjert  i born og unge sine oppvekstkår, og at du kan vere med å organisere leikprega aktivitet.

Ta kontakt med Kent Øystein Hjelle, tlf. 414 08 290, for ein uforpliktande prat om kva du kan bidra med i friidrettsgruppa.   

Saman får vi dette til – Saman har vi den kompetansen som trengst for å skape gode idrettsopplevingar for born og unge i bygda.  

Del gjerne!