NYE MERKA STIAR I BREIM
Forfatter: Ellen Skipenes
04. juli 2026
Nye merka stiar i Breim
Endeleg har trimgruppa fått merka nye stiar i Breim. Det har lenge stått høgt på ynskjelista til Trimgruppa å få merka stien frå Hunskår til Røsskleivatnet gjennom Kolebakkane naturreservat. I høst vart dette godkjent av kommunen og vi er veldig glade. Stien frå Hunskår inn i reservatet er lett og finne, så her er det ikkje merka. Frå der det står ei hytte og utover er det merka med pinner i rødt og blått. Sidan det er eit naturreservat har vi ikkje lov å merke på tre. Det er litt avstand mellom merkene, men det skal gå å sjå frå den eine til den andre. Å gå inne i reservatet er verkelig flott. Når ein nærmar seg myra kjem ein til eit flott utsiktspunkt over Breim.
Vi har ikkje merka løypa med skilt, men håpar at vi kan få midlar til å gjere det neste år. Ein parkerer i siste sving før ein kjem opp til Hunskår. Her er det plass til 3 biler. For å finne stien må ein gå imellom uthusa på garden. Husk å ta hensyn, då husene er bebud.
Det er og blitt merka stien frå Dalstøylen til Blånibba. Her startar stien med å gå over myra ved det eldste selet på støylen. I byrjinga er det merka med pinner i rødt og blått før det går over til merking med rødt på trea. Stien går i flott bjørkeskog, og kjem over eit flott fossefall litt før ein krysser elva. Etter kryssinga av elva vil det vekselsvis vera merker på steiner og pinner. Det er ca 3,2 km frå Dalstøylen til Blånibba. Her manglar vi og skilt, men vi håpar å få dette på plass neste år.