NO TRENG VI KVARANDRE - IDRETTSKLUBB PÅ FREDAG
Forfatter: BG
05. november 2025
NO TRENG VI KVARANDRE - IDRETTSKLUBB PÅ FREDAG
I samråd med familien til Thea har vi bestemt at Idrettsklubben for yngste gruppe går som vanleg. For eldste gruppa har vi og ope, med den forskjell at vi ikkje brukar gymsalen denne kvelden. Å miste Thea er tungt for familien, men også for heile bygda og ungdomsmiljøet. Vi trur det vil vere i Thea si ånd at ungdomane får lov til å møtast og vere nettopp det, ungdomar. Nokre vil ha behov for å vere heime saman med familien, andre har behov for å komme ut og treffe jamnaldringar. Nokre har behov for å snakke, nokre har behov for å vere stille, nokre vll klemme og andre igjen vil berre grine. Det er heilt greitt – Det finnast ikkje ein rett måte å sørge på. Vaksne som vil vere saman med ungdomane denne kvelden er og velkomne!