MEDLEMS- OG TRENINGSAVGIFT
Forfatter: BG
10. september 2026
MEDLEMS- OG TRENINGSAVGIFT
Krav om medlems-og treningsavgift blir sendt ut ein av dei næraste dagane. Du får den enten på e-post eller i Spond appen din, dersom du har lasta opp og aktivert den. Merk at dersom den kjem på e-post så er avsendaradressa denne: Kristin Sandal via Spond <[email protected]
For dei som lurer, så er dette faktura for 2026. Vi har framleis eit mål om å få sende ut faktura tidlegare på året. Klarer vi å få til det neste år, vil fakturaen for 2027 komme på forsommaren. Det er fint om alle betaler faktura innan forfallsfristen slik at vi slepp å bruke ressursar på purring.
BBIL har i utgangspunktet låge avgifter samanlikna med andre lag. Dette skal vi framleis ha. Dersom det er nokon som ikkje har økonomi til å betale medlems- og treningsavgift har vi etablert ei ordning der ein kan søkje om fritak for dette. Det er viktig at du sender søknad om dette i staden for å berre la vere å betale. Då vil du og sleppe å få purringar på ubetalt krav. Meir informasjon om ordninga finn du her: https://www.breimsbygda.no/inkluderingsfond
Vi har framleis store oppgåver framfor oss. M.a. når det gjeld vedlikehald og utbetringar på anlegg. Det er difor viktig for oss å oppretthalde inntektene, samstundes som vi ikkje påfører medlemmane våre meir kostnader enn det som er naudsynt. Trenings- og medlemsavgifter er ein viktig del av desse inntektene.
Vi vonar at folk og hugsar på at BBIL bidreg med meir enn den organiserte idrettsaktiviteten. Idrettsklubben, 123 treningsstudio, spinning, frisbeegolfbane, eigarskap i Breimsbygda skisenter og opparbeiding av turløyper er døme på slike bidrag. Meir om dette kan du sjå her: https://www.facebook.com/Breimsbygda/videos/864344930851908
Breimsbygda Idrettslag ynskjer å være meir for bygda enn berre eit vanleg idrettslag. Dette er ikkje mogleg å få til utan ei stor medlemsmasse «i ryggen».
Er du ikkje registrert som medlem kan du ordne dette her: https://club.spond.com/.../C792553ACEAF4419AB8A64312DC402F4