[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

STERKE BREIMINGAR

Forfatter: BG

08. november 2025

Forside
News article image

STERKE BREIMINGAR

 Kom og lær meir om styrketrening og vektløfting. I samarbeid mellom BBIL, SFE og VM i vektløfting 2025 blir det invitert til «vektløftarskule» tysdag 11. november klokka 18-19.30 på Breim skule (Gymsalen).

Breimingar har alltid vore sterke - og no får vi høve til å halde den tradisjonen ved like. Husk og at stryrketrening er viktig læring og basis for all idrett og aktivitet. Dette høver difor for deg som driv med fotball, handball, friidrett osv. - Og ikkje minst høver det for deg som berre vil halde på forma. Det blir: Instruksjon, frukt/smoothie, overrekking av gåve/utstyr frå VM i vektløfting og ikkje minst ei stor overrasking.

Aldergruppe frå 4. klasse og oppover. Det er fint om foreldre og andre vaksne kan bli med og hjelpe til med litt ymse. Og, ikkje minst, ta del i overraskinga

Kanskje kan dei vaksne og få med seg nokre gode treningstips! Del ordet, set av tida og møt opp!