Orientering

Velkomen til Orienteringsgruppa

  • Ekstraordinært årsmøte i BBIL

    Søndag 26.mars kl.20:00 vert det ekstraordinært årmøte i Breimsbygda idrettslag. Det finn stad på kontoret i 1.etasje på stadionbygget.

     

    Sakliste:

    1.Konstituering

    2. Val

    Vel møtt!

    Les meir

  • Innkalling og sakliste til årsmøte i Breimsbygda idrettslag

    Velkomen til årsmøte i Breimsbygda idrettslag søndag 5.mars kl.20.00.

     

     

     

    Sakliste til årsmøtet i BBIL på Breim skule 5. mars 2017 kl. 2000.

    1. Konstituering.
      1. Godkjenning av innkalling.
      2. Godkjenning av sakliste.
      3. Val av møteleiar.
      4. Val av sekretær.
      5. Val av to til å skrive under møteboka.
    2. Årsmelding for 2016.
    3. Rekneskap for 2016.
    4. Medlemskontingent for 2017.
    5. Budsjett for 2017.
    6. Val.
    7. Godkjenning av valde gruppestyrer.

    Møtet finn stad i klasserommet ved skulekjøkken i kjellaren, inngang ved gymsal.

    Les meir

  • Årsmøte i orienteringsgruppa

    Årsmøtet i orienteringsgruppa vert halde måndag 30 januar kl 20.00 i stadionbygget. Vanlege årsmøtesaker. Dersom nokon har saker som dei ynskjer at vi skal ta opp på årsmøtet, ver venleg å ta kontakt med leiar, Jannike Felde. Vel møtt.

    Les meir

  • Idrettsskulen 8. Des

    1. Oppmøte på idrettsskulen torsdag 8. desember vert på breim skule. Vi skal ha nattorientering 😃👍. Hugs haudlykt/ lommelykt + utekle.

    Les meir

  • Avslutning på orienteringssesongen komande fredag kl 18.00 på tusenårsplassen

    Vi avsluttar sesongen komande fredag kl 18.00 på tusenårsplassen. Vi trenar litt først før vi kosar oss med grilling, kake, frukt og god drikke. Deltakarpremie til alle som har vore med på treningane våre. Velkomne !!

    Les meir

  • Orienteringstrening ved Steffastøylen imrg 30. sept kl 18.00

    Vi prøvar oss på løypene frå lagsmeisterskapen. Dei som sprang lang løype sist, kan springe kort løype og omvendt ! Alle skal få utfordra seg .Start kl 18.00

    Les meir

  • Lagsmeisterskap i orientering fredag 23. sept kl 18.00 ved Steffastøylen

    I morgon, fredag 23 september vert det lagsmeisterskap i orientering kl 18.00. Oppmøte ved Steffastøylen. To ulike løyper. 1,5 km N løype og ca 2,5 km C løype. 30 kr i startpengar. Møt opp, dette vert kjekt !

    Les meir

  • Orienteringstrening fredag 09.09.16

    Fredag 09.09 vert det orienteringstrening på Utviken. Vi møtast på parkeringsplassen der vi går opp til Støyvastøylen. Vi prøvar oss på orienteringsbingo. Start kl 18.00. Dette vert kjekt !!

    Les meir

  • Turorientering 2016

    Yr melder fint veir den komande veka. Nytt fineveiret til å ta turorienteringspostane !  Post nr. 20 er dessverre teikna feil på kartet. Du finn posten når du går vegen opp frå brekkestova mot støyvastøylen. Når du kjem opp på høgda til kvileplassen/bordet, finn du posten. God tur !!

    Les meir

  • Resultat Helkjastøylen opp 02.09.16

    Resultat Helkjastøylen opp 02.09.16

    Mange fine personlege rekordar, til tross for mykje væte i terrenget/stien. Flott innsats.

    Frå Brua:

    Pga. feil med teknikken har vi dessverre ingen nøyaktige tider her denne gongen. Beklager.

     

    Frå ballbingen:

    Gutar 5-7 klasse:

    1. Mathias Aa Sandal: 23.59
    2. Anders Paulen: 32.27

    Jenter 5-7 klasse:

    1. Ellisiv Hetle: 30.15
    2. Regine Aa Sandal: 30.41
    3. Borgny Kristin Hetle: 38.30
    4. Kristina Hjelle: 40.16

    Gutar 8 klasse og eldre:

    1. Laiq: 25.00
    2. Håvard Hetle: 25.20
    3. Roger Hjelle: 26.04
    4. Kaya Van Hulst: 27.01
    5. Kåre Hetle: 27.55
    6. Kjell Paulen: 32.53
    7. Wahed: 33.35

    Trim:

    Grethe Aa Sandal

    Gro Larsen Hjelle

     

     

    Les meir

  • Helkjastøylen opp 02. september kl 18.00

    Helkjastøylen opp vert arrangert fredag 2. september kl 18.00. Start ved ballbingen og ved brua opp mot Hjelltunet. 1-4 klasse startar ved brua, medan 5. klasse og oppover startar ved ballbingen. Deltakarpremie til alle,

    Sjarmerande motbakkeløp for heile familien. To løyper, 3 km på sti, grusveg og litt asfalt, eller 1 km på sti. Konkurranseklasser: 1 km for dei som går i 4. klasse, eller er yngre, gutar og jenter. 3 km er delt i gutar/jenter 5-7. klasse, og gutar/jenter 8.klasse og eldre.
    Påmelding til kleppenesa@gmail.com
    Pris: 50kr enkeltstart, 200kr for familie.

    Foto: frå Helkjastøylen opp i mai 2016.

    Les meir

  • Orienteringstreningane startar opp att fredag 19 august

    O- gruppa startar opp att med orienteringstrening fredag 19 august Kl 18.00. Oppmøte ved tusenårsvarden på reed. To ulike løyper.  Vel møtt😃😃

    Les meir

Legg igjen en kommentar