Trim

  • Breimstrimmen varer til 30. september

    Viss du manglar nokre postar, så har du enda 2 veker på deg. Tysdag, 1. oktober blir Breimstrimmen nulla ut og starta på nytt.

    Les meir

  • Vi avlyser Reinløpet i morgon

    Som sikkert dei fleste har fått med seg, er det meldt tilnærma ekstremvêr med mykje regn og vind i morgon. Sjølv om vi i Trimgruppa har vore ute ei vinternatt før, set vi sikkerheita først og  utset ikkje deltakarane for fare. Difor går årets Reinløp dessverre ut.

    Les meir

  • Reinløpet 2019

    Reinløpet blir på søndag, 15.9.19

    Registrering kl. 10.30 – 12.00.

    Møt opp på parkeringsplassen på Sandtaket på Utviken.

    Startkontingent er for vaksne 50 kr, for barn 30 kr og for familiar 100 kr.

    Som tidlegare trekker vi flotte t-skjorter med Reinløpet-motiv blant alle som har gått turen.

    Husk å gå ruta via Torheimstøylen. På Støyvastøylen ventar kaffi, saft, frukt og sjokolade. Fint om alle stikk innom her.

    For å utdelt premien, diplom og få kjøpt bronse/sølv-og gullmerke, må ein ha komt ned igjen til kl. 15.00.

    Du får vite kor mange gongar du har gått allereie ved start. Diplom får alle som går for 1. gong.

    Velkomen og god tur på ein fin haustdag. Ver med å halde ein god gamal tradisjon i hevd.

    P.S. får vi eit gjensyn med reinen?

    Les meir

  • Fin hausttur

    Vi fekk ein flott tur over Ryssdalshornet og ned til Restøylen i dag. Litt sol, litt vind og ein super turgjeng. Takk Kjell, for god bevertning på Restøylen, dette hjelpte for den siste kneika ned til bilane. Sjå fleire bilder på trimgruppa si facebookside.

    Sabine og Astrid

    Les meir

  • Flott støyl-til-støylstur

    Les meir om turen sist søndag her.

    Husk haustturen vår Ryssdalshornet-Restøylen neste søndag, 25.8. Vi reiser frå Coopen på Reed kl. 9.00 og går frå Ryssdal kl. 9.30. Les meir om turen her.

    Les meir

  • 2 søndagsturar med Trimgruppa i august

    Den verste varmen har gitt seg og vi er klare til to lengre trimturar.

    Sjekk info om støyl-til-støylsturen (11. august) og Ryssdalshornet-Restøylen (25. august). Husk påmelding dersom du treng skyss. Meir info kan du få av Sabine (tel. 48053040).

    Les meir

  • 16.06. Trimtur til Skitnevatnet

     Les her korleis det gjekk på turen  Rapport

    Søndagstur til Skitnevatnet.

    Oppmøte kl. 11.00 ved parkeringsplassen før første grinda på grusvegen etter passering av Myklebust. Vi parkerar bilane her og går inn til Myklebuststøylen. Turen til Skitnevatnet er om lag 3 km og vi reknar med at turen tek ca. 1,5 t. kvar veg. Dei som ynksjer å gå over til Veiteberg i Stardalen må organisere transport tilbake sjølve.

    Vi håpar på fint vêr og god deltaking. Ikkje gløym å ta med sjokolade og godt humør.

    Rune Fure, Trimgruppa

    Les meir

  • På tur med Trimgruppa

    Velkomne til å vere med på turane våre. Kanskje kan du oppdage ein tur som du ikkje har gått før? Eller kose deg i lag med fleire trimmarar i passeleg tempo? Kom gjerne med turforslag. Sjekk oversikt over turane her: http://www.breimsbygda.no/trim/turar/

    Les meir

  • Årsmelding for 2018

    Årsmeldinga er no klar og blir levert ut i løpet av dei neste vekene. Om du ikkje klarar å vente kan du lese den her no!! 😀





    KLIKK PÅ BILDET OVER FOR Å LESE...

    Les meir

  • Årsmøte i Trimgruppa

    ÅRSMØTE I TRIMGRUPPA B.B.I.L hos Astrid Volle

    Tysdag, 5. Februar 2019, kl. 19.00

    Sakliste

    1. Godkjenning av sakliste.

    2. Val av møteleiar.

    3. Val av skrivar.

    4. Årsmelding.

    5. Rekneskap.

    6. Arbeidsplan.

    7. Budsjett 2019.

    8. Innkomne saker.

    Styret 2018

    Leiar Astrid Volle

    Sekretær. Britt Bakka

    Nettansvarleg Sabine Exner

    Styremedlem Rune Fure

    Styremedlem Jon Fossheim

    Les meir

  • Resultat Breimstrimmen 2017-2018

    I kveld var det idrettsbasar til BBIL med flott oppmøte.

    Trimguppa delte ut bronse- og sølvplakatar samt vinnarhuer til dei 3 med mest trimpoeng over og under 15 år.

    Sjå heile resultatliste her

    Les meir

  • Oppteljing av Breimstrimmen pågår . . .

    . . . og vi er faktisk snart i mål.

    Dette var siste år med å prøve å finne ut av uleselege handskrift utviska av regn og snø. Registrering i bok er over i Breimstrimmen. På idrettsbasaren søndag, 25.11. skal dei 3 beste i klassane over og under 15 år premierast. I tillegg delar vi ut diplomar.

    Du får bronsediplom: 3 x alle postane

    Du får sølvdiplom: 6 x alle postane.

    Vi meiner å ha funne dei rette 51 personane som har klart årets mål. Sjå lista under. Viss du er sikker på at du har vore på alle, og ikkje står på lista, så meld frå til ein av oss i styret.  Sabine (48053040)

    Johannes Hole                        Rita Bente Fløtre                                Johnny Skinlo

    Oddny Kleppenes                  Birgitte Myklebust Paulen                 Grethe Aa Sandal

    Gerd Larsen                            Norunn Nybø                                     Jannike Felde

    Ellisiv Hetle                           Anne Merete Kleppenes                    Gudmund Egge

    Gro Larsen Hjelle                   Kjell Paulen                                       Reidun Ask Flølo

    Sissel Fonn Sårheim               Laila Jordanger                                  Anders Paulen

    Finn Ove Jordanger                Sabine Exner                                      Kari Ann Flølo

    Monrad Kleppe                      Marthe Paulen                                    Leidulf Myklebust

    Jørgen Aa Sandal                   Solfrid Paulen Egge                           Borgny Kristin Hetle

    Regine Aa Sandal                  Øyvind N. Fuglestrand                      Roger Hjelle

    Kasper Olai Paulen                Anne Marie Fammestad                    Per Inge Seime

    Gitte Anita Fløtre                   Eiril Paulen                                        Knut Fammestad

    Lene Hjelle                             Camilla Heggen                                 Grete Nedreberg

    Sissel Eide Reed                    Erlend Hetle                                       Lin Therese Solheim

    Emma Fløtre                          Vegard Hetle                                      Elin Katrin Raad

    Margit Røyseth Seime            Inghild Røyseth                              Kristina Hjelle

    Gunn Iren Ask                        Marion Bø                                         Jenny Flølo Kleppe

     

     

    Les meir