[email protected]


Logo
Bli medlem
Inkluderingsfond

DU FÅR SNART EI REKNING

Forfatter: BG

04. november 2025

Forside
News article image

 DU FÅR SNART EI REKNING

Mange har sikkert venta på faktura for medlems-og treningsavgift i BBIL. No kjem den kva dag som helst. Grunnen til at den kjem litt seinare enn vanleg, er at vi har gått over til eit nytt system for meldemsregistrering og fakturering. Det nye systemet heiter Spond, Dei som har lasta ned Spond-appen og tilhøyrer ei av gruppene i laget, får varsel om betaling i appen. Alle andre får faktura på e-post. Det er fint om alle betaler denne innan forfallsfristen slik at vi slepp å bruke ressursar på purring.

BBIL har i utgangspunktet låge avgifter samanlikna med andre lag. Dette skal vi framleis ha. Dersom det er nokon som ikkje har økonomi til å betale medlems- og treningsavgift har vi etablert ei ordning der ein kan søkje om fritak for dette. Det er viktig at sender søknad om dette i staden for å berre la vere å betale. Då vil du og sleppe å få purringar på ubetalt krav. Meir informasjon om ordninga finn du her: https://www.breimsbygda.no/inkluderingsfond

Vi har framleis store oppgåver framfor oss. M.a. når det gjeld vedlikehald og utbetringar på anlegg. Det er difor viktig for oss å oppretthalde inntektene, samstundes som vi ikkje påfører medlemmane våre meir kostnader enn det som er naudsynt. Trenings- og medlemsavgifter er ein viktig del av desse inntektene.

Vi vonar at folk og hugsar på at BBIL bidreg med meir enn den organiserte idrettsaktiviteten. Idrettsklubben, 123 treningsstudio, spinning, frisbeegolfbane, eigarskap i Breimsbygda skisenter og opparbeiding av turløyper er døme på slike bidrag. Meir om dette kan du sjå her: https://www.facebook.com/Breimsbygda/videos/864344930851908

Breimsbygda Idrettslag ynskjer å være meir for bygda enn berre eit vanleg idrettslag. Dette er ikkje mogleg å få til utan ei stor medlemsmasse «i ryggen». Er du ikkje registrert som medlem kan du ordne dette her   https://club.spond.com/landing/signup/breimsbygdail/form/C792553ACEAF4419AB8A64312DC402F4